Fortidsminneforeningen i Rogaland

DIPLOMHUS I ROGALAND 2016

Verneprisen for 2016 går i år til
Kolheivegen 13 Bryne Eigarar: Edel Sandberg Stabel og Christian Stabel

Historikk
Mandiustunet ligg i utkanten av Bryne og er frå 1922 og har fått namn etter vognmann Mandius Time som budde her frå 1927 til 1965. Han henta- og køyrde ut varer med hest og firehjulsvogn.

I 1992 kjøpte Christian Stabel bruket.

I stasjonsbyane på Jæren var det vanleg med våningshus og uthus i ein tunskipnad.
Svært mykje av dette er nå borte. Dei har falle for utviklinga. I Mandiustunet lever dette vidare inn i ei ny tid og er i dag ein viktig del av vår lokale kulturhistorie. Våningshuset er pietetsfullt teke vare på.
Uthusa har si eiga historie, tradisjonelle og funksjonelle uthus med plass for dyr og for. Her var stall og vognskjul. Uthusbygningane har fått behalda den ytre forma si, men er i dag i ny bruk. Tunet har sitt eige miljø og særpreg.
Innvendig er uthusa restaurerte, bygde om og har kome i bruk som selskapslokale og samlingsstad for kulturarrangement.

Stil
Bygningane er harmoniske og tidstypiske for 1920 – talet, praktiske og funksjonelle. Huset er pietetsfullt teke vare på og har elementer av nyklassesisme. Val av fargar på husa styrkar det historiske inntrykket. Uteareal med steinarbeid i trapper og oppgang er orginale og gjev tunet eit autentisk preg.

Mandiustunet utgjer i lag med nabohusa eit særprega nabolag som på ein framifrå måte har teke vare på gamle Bryne. To nye hus som og er teikna av Jæren sin særprega arkitekt, Per Line som og stod for eit restaureringprosjekt i dette nabolaget, der han på ein framifrå måte kombinerte gamalt og nytt og har vore med på å gje gatepartiet eit harmonisk preg.

Restaurering.
Bygningane var nedslitne og uthusa hadde stått tome i fleire år.Men ekteparet Stabel såg potensialet i «vern gjennom bruk» og gjekk i gang med restaureringsarbeidet med stor eigeninnsats. Målet var heile tida å setja bygningane i stand og bevara særpreget.
Sivilarkitekt Per Line stod for restaureringa og vart seinare fylgt opp av Reier Carlsen. Innvendig har uthusa vorte oppgraderte for å tena dagens krav til bruk utan å mista tidsbiletet. Tun og hage er viktige element og er med på å få fram tidsbiletet frå 1920-åra. Mandiustunet har slik det vart restaurert, vorte ein møteplass og kulturarena for  Bryne og Jæren.

Grunngjeving for verneprisen
Mandiustunet er i dag eit framifrå godt bevart bruk der husa framstår som autentisk og ineressante. Dei er tidstypiske og uttrykkjer mellomkrigstidas funksjonalistiske arkitektur og materialbruk. Eigarane har gjennom heile prosessen hatt som mål å ta vare på eit miljø som elles er borte. Fleire hus som er ein viktig del av Bryne sin historie og utvikling står for fall.

Fortidsminneforeningen håpar at Mandiustunet vil inspirera andre eigarar til å ta vare på og rehabilitera  bygningane sine.

Diplomhuskommiteen i Fortidsminneforeningen i Rogaland meiner at Mandiustunet er ein verdig prisvinnar for 2016.

 

Diplomhuskommiteen for 2016 har vore:
Grethe Holmboe, antikvar Ryfylkemuseet, Lars Tveit, kommuneantikvar Karmøy, Per Chr. Salvesen, styrar Lund bygdemuseum og kulturbank og Jarle Braut, pensjonert bonde og fylkespolitikar

Me gratulerer med velfortent diplom.

Fortidsminneforeningen i Rogaland                      Diplomhuskommiteen

Gro Lavold                                                                         Grete Holmboe
styreleder                                                                                  leder

TIME KOMMUNE
KULTURVERNPRIS
1994

Tildeles
Ekteparet Stabel
For utmerket restaurering av
Mandiustunet
Kolheivegen 13
GNR. 3 – BNR 630

Arkitekt Per line med den stillferdige arkitekturen Line gjerne forbindes med, vekker den dag i dag beundring med sitt tidløse og identitetsskapende uttrykk.

I 1992 mottar Per Line treprisen for sin innsats. Utmerkelser og byggeskikkpriser fra flere kommuner i landsdelen, Time kommunes kulturvernpris i 1994, og Rogaland fylkeskommunes miljøpris i 1995 bekrefter hans innsats som arkitekt ytterligere. Per Line er arkitekten bak blant annet rehabiliteringen av Hå gamle prestegård og Friluftshuset på Orre.