Historie

Gardsbruk, fabrikk og festlokale

Mandiustunet har fått namn etter Mandius Time. Han budde her frå 1927 til 1965 og transporterte varer med hest og kjerre for blant andre NSB og meieriet. Etter krigen leigde Ingebrigt og Kristian Søyland hønsehuset av Mandius og brukte lokalet til å starta industrieventyret Brødrene Søyland. Den fyrste gravemaskinen, Brøyt 4K vart til her.

Bruket vart kjøpt i 1992 og restaurert under leiing av sivilarkitekt Per Line. For restaureringa fekk Mandiustunet Time kommune sin første kulturvernpris.